Metallplate som vert bøygd i plateknekke

Med blikk for
kvalitet og detaljar

Beslag og takhette
01/05

Din lokale fagmann og leverandør av:

  • beslag
  • bandtekking
  • pipemantlar
  • pipebeslag
  • takhetter
  • ventilasjon
  • kapsling
  • teknisk isolering
  • tak og fasade
  • stillas

Frå velutstyrt verkstad på Løn tilbyr eg varer og tenester innan alle område i blikkenslagerfaget. Med lang erfaring og bransjekunnskap har eg eit godt utgangspunkt for å levera fagmessig arbeid både til byggebransjen og privatpersonar. Eg løyser det meste når det gjeld beslag, bandtekking, pipe og ventilasjon.

Moderne verkstad på
Vossestrand

På Løn på Oppheim er produksjonslokalet utstyrt med effektive og avanserte maskiner - som datastyrt plateknekke, segmentknekke, valsar og platesaks. I tillegg krev yrket materialkunnskap, erfaring og evne til å sjå og løysa dei utfordringane som kan oppstå i kundane sine prosjekt. Slik sett er eg ofte like mykje konsulent som produsent.

Verkstad med maskiner for blikkenslagerarbeid
Metallplater i ulike materiale
Arbeidsbenk og utstyr på verkstaden
Ferdig produkt frå Voss Blikkenslager

Frå plate til produkt

For meg er det viktig at slike tenester er å få i bygda. Difor har eg dei mest brukte materialane på lager, og du er velkomen innom verkstaden for ein prat om kva eg kan hjelpa med. Telefon og e-post er gode hjelpemiddel, men å sjå og forklara over bordet kan vera nyttig. I blikkenslagerfaget jobbar me mest med plater i ulike metall som utgangspunkt, med ulike overflatebehandlingar der det skal vera rustfritt eller syrefast.

  • Aluminium
  • Kopar
  • Sink
  • Stål
  • Ulike vegg- og takplater

Her er nokre av mine viktigaste produkt:

  • Bandtekking
  • Beslag
  • Blikkenslagerarbeid
  • Kapsling / teknisk isolering
  • Lufthetter / Pipemantlar
  • Tak- og fasadeplater
  • Tekking
  • Ventilasjon
  • Godkjenning av stillas

Kontakt meg

Send ein e-post til post@vossblikkenslager.no eller ring direkte på 911 02 570.

Voss Blikkenslager
Jan Kåre Tveite
Løn 485713 VossestrandOrg.nr. 926772961

Samarbeidspartnarar

LindabVentistål
Voss Blikkenslager

- med blikk for kvalitet og detaljar